Korleis påverkar skjermbruk psykisk helse?

Nyleg har det kome to studiar som har sett på korleis den psykiske helsa til barn og unge blir påverka av skjerm. Studiane viser forskjellige ting.

Ein studie gjort ved Imperial College London viser at barn som er på sosiale medium meir enn tre timar dagleg, har større risiko for å få angst eller depresjon i ungdomsåra. Denne studien følgde 2300 barn frå 11 til 15 år.

Forskarane trur at dette kan ha samanheng med mindre søvn som følgje av at barn bruker skjerm seint på kvelden. Mindre søvn kan påverke den psykiske helsa negativt.

Positiv skjermbruk

Samstundes viser ein studie gjort av Folkehelseinstituttet (FHI) og universitetet i Manchester at det ikkje er samanheng mellom psykiske plager og kor mykje tid unge brukte på skjerm. Studien følgde 25 000 ungdom i alderen 12 til 14 år.

Forskarane meiner at det ikkje er mengda skjermtid som påverkar den psykiske helsa, men kva ein gjer på skjermen. Positive aktivitetar som sosial gaming eller underhaldning kan ha positiv påverknad på den psykiske helsa.

Råd frå forskarane

Begge studiane peiker på at det er fleire ting som påverkar psykisk helse, ikkje berre skjermtid åleine. Forskarane i den fyrste studien meiner det er lurt å ha fokus på kunnskap om skjermbruk og unngå at bruken påverkar søvn.

Forskarane i den andre studien meiner det er lurt at foreldre engasjerer seg i kva dei unge gjer på skjermen. I staden for å fokusere på å redusere skjermtid heilt, bør ein fokusere på kva som er positiv bruk av skjermen, meiner dei.