Mange barn og unge får ikkje god nok psykisk helsehjelp

Ein ny rapport frå Riksrevisjonen viser at mange barn og unge i Noreg ikkje får god nok hjelp for psyikiske plager. Rapporten peikar óg på at kor god hjelp ein får avheng av kvar ein bur i landet.

Psykisk helse
  • Psykisk helse handlar om korleis ein føler seg og tenkjer, og om korleis ein har det i livet.
  • Alle har psykisk helse.
  • God psykisk helse kan bety at ein trivst med livet sitt, føler glede og har sjølvtillit.
  • Dårleg psykisk helse kan bety at ein ikkje kjenner på glede, er mykje redd og har det vanskeleg i kvardagen.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Riksrevisjonen har i oppgåve å undersøke korleis staten brukar pengar og løyser oppgåver. No har dei kome med ein ny rapport som tek for seg tenester til barn og unge med psykiske plager, skriv NRK.

Rapporten viser at fleire kommunar manglar viktige tilbod for unge, som behandling og oppfølging ved psykiske plager.

Forskjellar

Vidare peiker rapporten på store forskjellar på hjelpa barn og unge får rundt om i landet. Til dømes tok det i gjennomsnitt 66 dagar å få psykisk helsehjelp i Nordland, samanlikna med 28 dagar i Vestfold.

Tal frå rapporten viser også at fleire og fleire barn og unge slit psykisk og difor har behov for hjelp.

Riksrevisjonen meiner styresmaktene ikkje har gjort nok for å sikre eit godt tilbod når det gjeld barn og unge si psykiske helse. No ber dei om betre samarbeid, tydelegare ansvarsfordeling og fleire tiltak, slik at alle kan få den hjelpa dei treng uansett kvar dei bur.