Slik feira barn id rundt om i verda

Førre veke vart høgtida id al-fitr feira av muslimar over heile verda. Her kan du sjå korleis barn frå ulike land markerte høgtida.

Gaza

Foto: Jehad Alshrafi / AP Photo / NTB

I Gaza i Mistausten er det krig, men trass dette feirar dei id al-fitr. Her ber ei jente kaker til feiringa ut av den delvis øydelagde heimen sin.

Irak

Foto: Hadi Mizban / AP Photo / NTBV

Barn kosar seg på trampoline under id al-fitr-feiringa i Baghdad, hovudstaden i Irak i Vest-Asia.

Senegal

Foto: Misper Apawu / AP Photo / NTB

Gutar og menn samla seg til bøn under id al-fitr-feiringa i Dakar, hovudstaden i Senegal i Afrika. Personane på dette bildet tilhøyrer ei muslimsk gruppe kalla Layene-brørne.

Libanon

Foto: Mohammad Zaatari / AP Photo / NTB

I Libanon i Midtausten er menneske på flukt etter at dei sørlege delane av landet blei angripe av Israel. Det gjeld mellom anna barna på bildet, men trass i den vanskelege situasjonen feira dei id al-fitr.

Indonesia

Foto: Yusuf Wahil, File / AP Photo / NTB

Muslimske jenter i Indonesia i Asia bar faklar i ein parade for å markere id al-fitr.

Bangladesh

Foto: Mahmud Hossain Opu / AP Photo/ NTB

I Bangladesh i Asia er det mange som skal ut å reise for og besøke familie i anledning id al-fitr-feiringa. Dette bildet viser reisande som skal om bord på ei ferje.

Pakistan

Foto: Muhammad Sajjad / AP Photo / NTB

Desse jentene i Pakistan i Asia har dekorert hendene sine med henna i anledning id al-fitr-feiringa. I islam blir fargestoffet henna brukt til kortvarig dekorering av kroppen.

Panama

Foto: Matias Delacroix / AP Photo / NTB

Dette bildet viser muslimske gutar i Panama City, hovudstaden i Panama i Mellom-Amerika. Dei står i kø for å ete under ei id al-fitr-markering.

Nigeria

Foto: Sunday Alamba / AP Photo / NTB

Ein mann sel bønnekjeder under ei felles bønn under ei id al-fitr-feiring i Lagos, hovudstaden i Nigeria i Afrika. I islam blir bønnekjede brukt i ei form for bøn som handlar om å hugse Gud eller nemne Guds namn.