Fastemånaden ramadan er over

Eid al-Fitr har starta. Det er slutten på den muslimske fastemånaden ramadan. Høgdtida vert ofte kalla for id eller eid.

Feiringa varar i tre dagar med fellesbøn og preike i moskeen. Mange kler seg ekstra fint, får besøk av familie og vener og gir kvarandre gåver.

Under fastemånaden ramadan får ikkje truande muslimar ete mellom soloppgang og solnedgang. Derfor er maten i sentrum når ein markerer eid.

Det er vanleg å helse på kvarandre og ynskje kvarandre “Eid Mubarak”.

Islams fem søyler

Dei religiøse pliktene som vert pålagd kvar vaksen muslim.

  1. Truvedkjenninga
  2. Den rituelle bøna
  3. Den rituelle avgifta
  4. Fasta
  5. Pilgrimsferd til Mekka
Den heilage svarte, steinen i Mekka. (Foto: Adli Wahid/Unsplash)