Barbie lanserer dokke med autisme

Leiketøyprodusenten ønsker å inkludere alle i leiken.

Autisme
  • Autisme er ei funksjonsnedsetting.
  • Autisme er noko ein blir født med.
  • Når ein snakkar om autismespekteret, meiner ein samlinga av alle dei ulike typane for autisme.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Måndag 12. januar lanserte Barbie den første dokka med autisme. Det skriv dei i ei pressemelding.

Sidan 2019 har Barbie lansert fleire dokker med funksjonsnedsettingar. No finst det dokker i rullestol, med Downs syndrom og som er blinde. Barbiedokka med autisme er laga i samarbeid med ein amerikansk autismeorganisasjon.

– Vi synest det er flott at leiketøyprodusentar også lanserer dokker med funksjonsvariasjonar, seier Ruth Gravdal i Autismeforeininga i Noreg.

Ein usynleg diagnose

Auga til barbiedokka ser litt til side, fordi nokon med autisme ikkje liker å ha augekontakt. Dokka har ein rosa fidget spinner, som hjelper ho å stresse ned. Mange med autisme blir slitne av lydar, så dokka har også rosa øyreklokker.

AUTISMEFOREININGA: Sentralstyreleiar Ruth Gravdal seier det er flott at Barbie kjem med ei dokke som har autisme. Foto: Heidi Henriksen

– Autisme er ein usynleg diagnose, og autismespekteret er breidt, så dokka gjenspeglar eitt uttrykk for autisme. Måten dokka er produsert på, og tilbehøyret som følger med, vil vere kjent for fleire barn på autismespekteret, seier Ruth Gravdal.

Les også: Forskarar såg på leik med Barbie – vart skremde av det dei fann