Nyleg gjekk myndigheiter i Storbritannia ut og oppmoda foreldre til å sjekke leikene til barna sine. Dette fordi at dei hadde oppdaga at «squishy dumplings» og andre «squishy»-leiker til sals i Storbritannia, kunne vere farlege å bruke, skriv BBC.
Leikene var farlege på ulike måtar. Mellom anna var nokre av leikene farlege fordi små barn kunne bite av og sette delar i halsen. Andre «squishy»-leiker var farlege fordi dei inneheldt skadelege kjemikaliar. Skadelege kjemikaliar er stoff som kan skade helse og miljø.
Korleis vite om ei leike er trygg?
Sjølv om dei fleste «squishy»-leiker truleg er trygge å bruke, kan det vere lurt å sjekke nokre ting for å vere sikker. Om det berre står land produktet er laga i på pakka, er det vanskeleg å vite om produktet er trygt eller ikkje.
Om det rett nok er informasjon om kva europeisk firma som har kjøpt og selt produktet vidare, er det truleg eit trygt produkt. Det er også truleg ei trygg leike om det står kva aldersgruppe produktet passar for.
Dersom leika er merka med CE skal ho garantert vere trygg å bruke. Alle produkt som er merka med bokstavane CE oppfyller europeiske krav som handlar om helse, tryggleik og miljø.























