– Det vi lærer her, gjer jo at eg får ei større interesse for Forsvaret, seier Noah Reidar Bachmann (18).
Han er med i Heimevernsungdommen, saman med Erik Evensen (20), og Chanel Angelica Melvoll (18). Framtida Junior vitjar eitt av deira vekentlege møte.
Heimevernsungdommen er ungdomsavdelinga til Heimevernet, men dei som er med er sivile, altså ikkje soldatar.
– Vi lærer veldig mykje forskjellig vi kan nytte i kvardagen, seier Chanel til Framtida Junior.
Det er frivillig å vere med i Heimevernsungdommen, men ein må vere 16 år, og ein kan ikkje ha kriminelt rulleblad.
Fordi dei som er med ikkje er soldatar, lærer dei ingenting om krigføring. Dei får opplæring i fyrstehjelp, friluftsliv og skyting med gevær til konkurranse.

Litt som speidaren
– Det kan vere litt vanskeleg å sjå skilnaden på heimevernsungdom og soldatar, fordi begge går i uniform, seier oversersjant Tørris Rønning. Han har ansvar for Heimevernsungdommen i Oslo.

Men fordi barn ikkje har lov til å vere soldatar, seier han at dei heller fokuserer på å gje ungdommane eit godt inntrykk av Forsvaret.
– Heimevernsungdommen er litt som speidaren, berre arrangert av Forsvaret, seier han.
Erik ville heller i Heimevernsungdommen enn i speidaren.
– Eg syntest at det var mykje meir interessant at det var i uniform. Og så ville eg lære litt om det ein gjer i Forsvaret, seier han.
Tryggjande erfaringar
Chanel har lært mykje nyttig.

– For nokre år sidan fekk ei venninne av meg eit epilepsianfall, og datt om. Det var på skulen, så heldigvis var det vaksne som kunne handtere det. Men då kunne eg ikkje gjere så mykje anna enn å rope om hjelp, fortel ho.
No, med erfaringane herifrå, hadde ho kunne hjelpt til.
– Det er veldig tryggjande, seier Chanel.
Ei kjensle av plikt
Sjølv om dei går i uniform, og innimellom skyt med våpen, tenkjer ikkje heimevernsungdommane så mykje på krig.

– Fordi vi berre skal ha sivil opplæring, beskyttar dei oss frå prat om krig her i Heimevernsungdommen. Så det er ikkje noko eg er bekymra for, seier Chanel.
Men om det skulle bli naudsynt, seier dei at dei kunne gått i krig.
– Eg tenkjer på oldemora mi, som rømte frå Finland på grunn av trusselen om Sovjetunionen. Og når ho kom hit, så kom krigen til Noreg. Ho var jo heilt hjelpelaus, og det vil eg ikkje at nokon skal vere. Det har gitt meg ei kjensle av plikt for å forsvare det vi har, seier Erik.
Vil inn i Forsvaret
– Eg hadde uansett gått inn i Forsvaret, men her har eg blitt førebudd. Å vere her har gjort at eg har fått mykje respekt for Forsvaret, seier Erik.
Noah og Chanel har lyst til å bli med i Forsvaret. Erik har alt kome inn.
– Eg kjem til å sakne det å vere ungdom her. Men no kjem det eit nytt kapittel i livet, avsluttar han.























