Forslaget til fredsavtale mellom Ukraina og Russland får kritikk

Forhandlingar går føre seg for å få på plass ein fredsavtale mellom Ukraina og Russland.

USA og Russland jobba saman i førre veke om ein fredsplan for Russland og Ukraina, noko som har ført til kritikk sidan verken Ukraina eller Europa ikkje var med i forhandlingane.

– Eg trur Russland har fått inn ting i planen som er rett ut frå deira interesser. Det handlar om Ukraina utan at dei har fått vere med på det. Det er uakseptabelt, sa statsminister Jonas Gahr Støre til NRK.

Krava i avtalen

Krava i fredsavtalen lagt fram av Russland er hovudsakleg i Russland sin favør. Nokre punkt seier at Ukraina må gi frå seg den delen av Donetsk-regionen som Russland ikkje har okkupert, at forsvaret deira må reduserast til 600 000 personar og dei må love å aldri søkje NATO-medlemskap.

Trass i dette, har Ukraina no forhandla med USA. På tysdag sa president Volodymyr Zelenskyj at dei er villige til å gå vidare med fredsavtalen dersom nokre av dei meir inngripande punkta blir forhandla om på nytt.

Krava i Ukraina sin fredsavtale har aukar talet på soldatar i forsvaret til 800 000, som ikkje er så langt unna det dei har i dag. Dei seier òg det er uakseptabelt å gi frå seg delen av Donetsk-regionen som Russland kravde i første plan.

KREML: Bygget i Moskva er der presidenten av Russland, Vladimir Putin, bur og styrer landet frå. Foto: Michael Parulava | Unsplash

USA skal sende representantar til Moskva i Russland for å forhandle vidare. Kreml har åtvara om at dei godt mogleg ikkje vil akseptere endringar i fredsavtalen dei kom med i førre veke.

Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.