Det er ingen dødsfall grunna vulkanen, men fleire landsbyar har vorte dekka av oske frå utbrotet, sa ein lokal representant, Mohammed Seid, til The Guardian.
Seid fryktar kva dette utbrotet vil ha å seie for innbyggjarar i nærområdet.
Samlar inn oske
Det har ikkje vore noko dokumentasjon på at vulkanen har hatt utbrot på 12 000 år. Men Juliet Biggs, forskar ved University of Bristol i England, ville vore overraska om det er tilfellet.
Men utbrotet er uvanleg.
– Å sjå ein stor utbrotssøyle, som ein stor paraplysky, er veldig sjeldan i dette området, seier Biggs til Scientific American.
Ein anna forskar, Derek Keir, var i Etiopia på tidspunktet då vulkanutbrotet skjedde. Han fekk samla inn oske som kan avsløre kva som forårsaka utbrotet. I tillegg kan lava frå vulkanen stadfeste om det er første gong på 12 000 år at Hayli Gubbi hadde eit utbrot.
Luftrom stengt
Oska som steig opp i lufta har spreidd seg langt, frå Etiopia til Oman og Jemen, og vidare til Delhi i India.
Luftrommet har blitt stengt i områda med oske og fleire fly kansellert. Generaldirektøren for Indias meteorologiske avdeling (IMD), Mrutyunjay Mohapatra, sa til BBC at oska mest sannsynleg ikkje vil påverke vêret eller luftkvaliteten.
IMD trur òg at oska i Dehli vil klarne opp i løpet av tysdagskvelden og bevege seg vidare mot Kina.






















