Ein av verdas farlegaste vulkanar rører på seg

Ein av dei mest eksplosive vulkanane i verda har samla opp ny magma under bakken. Forskarar følgjer nøye med på kva som kan skje vidare.

For rundt 7.300 år sidan eksploderte Kikay kadera-vulkanen i Japan med enorme krefter. Utbrotet var truleg det største me har hatt sidan istida, skriv Ung.Forskning.no.

Vulkanen ligg i dag for det meste under havet.

No har forskarar oppdaga at vulkanen har fylt seg opp igjen med smelta stein, kalla magma. Magmaen ligg berre 2,5 til 6 kilometer under bakken. Når slik smelta stein kjem opp til overflata, blir han kalla lava.

3.900 år – berre eit lite blunk

Forskarane fann dette ved å senda bølgjer ned i bakken og måla bøljene som kjem tilbake, nesten som eit ekko.

Dei meiner at vulkanen har fylt seg opp ganske raskt. For forskarar som er vande til å studera millionar av år gamle steinar, er 3.900 år berre eit lite blunk.

Nytt fjell

I tillegg har det danna seg eit nytt fjell under vatn fordi magma har pressa seg opp.

Dette betyr at det kan skje vulkanutbrot under havet ein gong i framtida, men forskarane seier det ikkje er teikn til at det vil skje no.

Forskarane veit ikkje om vulkanen kjem til å få eit nytt stort utbrot med det første. Men dei følgjer nøye med.

Målet er å oppdaga det tidleg dersom noko er i ferd med å skje, slik at menneske i området kan bli varsla og kan komma seg unna.