Lydbølgene frå vulkanen gjekk tre gonger rundt jorda

Vulkanen på Tonga gjekk av med eit saftig smell. No har forskarar på Island registrert av lydbølgja gjekk tre gonger rundt jorda.

Utbrotet i undervassvulkanen Hunga Tonga-Hunga Ha’apai på Tonga den 15. januar, har ført til massive øydeleggingar. Mellom anna kasta den oske og gjørme 40 kilometer opp i atmosfæren, og no er heile Tonga dekt av oske, skriv NTB.

Utbrotet forårsaka også ein stor tsunami. Bølgjene frå tsunamien trefte Peru, som ligger på andre sidan av jordkloden. Der kolliderte dei store bøljene med ein oljetank – noko som har ført til øydeleggingar og eit masstivt oljesøl langs kysten av landet.

Les også: Sender fly til Tonga for å sjekke skadane etter vulkanutbrotet

Kraftigaste utbrot på 30 år

No har forskarar på Island funne ut at lydbøljene frå vulkanen var så kraftige, at dei gjekk tre gonger rundt jorda. Utbrotet var faktisk så stort, at det reknast som ein av dei kraftigaste i verda dei siste 30 åra, skriv TV 2. 

Forskarar hjå NASA anslår at lyden av utbrotet har vore så massivt, at det var meir enn hundre gonger høgare enn eksplosjonen frå atombomba som vart slept over Hiroshima i 1945.

– Lydbølga kunne høyrast heilt til New Zealand, som ligger 2000 kilometer vekke frå Tonga. Ho er også registrert over heile jordkloden på noko som kallast infralydsensorar. Me menneske kan ikkje høyra dei lydane, men kollegaene mine på Island har registrert at lydbølga gjekk verda rundt tre gonger, seier seismologen Björn Lund til det svenske nyheitsbyrået TT.

Her kan du sjå kor Tonga ligger plassert: