Saka er laga i samarbeid med systeravisa vår, Framtida.no. Du kan lese heile saka her.
FNs klimatoppmøte starta 10. november. Møtet vert kalla COP, og er ei samling av 198 land i FN som saman tar avgjerder om korleis dei skal arbeide for å takle klimakrisa. Det er den 30. gongen landa samlast slik, difor heiter årets klimatoppmøte COP30.
Under klimatoppmøtet i 2015, vart deltakarlanda i FN einige om Parisavtalen, ein avtale for å avgrense global oppvarming. Målet er å halde temperaturauken på jorda til godt under 2 grader, og helst under 1,5 grader.
Årets klimatoppmøte – som vert halde i Belém i Brasil – er den første samlinga der landa anerkjenner at dei ikkje har lukkast med å halde seg til 1,5-gradersmålet.
Med dagens klimaplanar vil verda vere på veg mot ein auke i temperaturen på 2,3–2,5 grader innan dette hundreåret, viser ein rapport frå FNs miljøprogram. Det er ein liten nedgang frå i fjor.
– Forskarar fortel oss at ei mellombels overskriding av 1,5 gradar no er uunngåeleg – og at det vil starte, seinast, tidleg på 2030-talet, seier FNs generalsekretær António Guterres.
Barnas klimapanel er til stades
For Rosalind Ghafoor Bjerkeland (14) Jonah Paalssønn Sandanger (13) er Parisavtalen noko som «alltid» har vore der.
– Eg var fire år, han var tre år, ler Rosalind, som saman med Jonah fortel om Barnas klimapanel sine krav før klimatoppmøtet i Brasil.

Ho lærte om Parisavtalen då ho blei eldre. Det gav ho håp om at vi faktisk greier å samarbeide i verda. I dag er ho derimot litt meir pessimistisk.
– Eg var i Verdens Beste Nyheter for nokre månader sidan, og då blei eg sånn «Nei, dette funkar ikkje. Alle trekker seg, og eg trur ikkje dette kjem til å gå».
Barnas klimapanel er bekymra for konsekvensane av at Donald Trump trekker USA ut av Parisavtalen.
– Eg tenker at det er ganske viktig at alle land held seg til avtalen, at ingen trekker seg, og at dei som har trekt seg forhåpentlegvis kjem inn att. Og at vi klarar å snu alle måla til å bli betre, seier Sandanger.
Klimaministeren: I riktig retning

Barnas miljøpanel er i desse dagar i Brasil på årets klimatoppmøte. Det er også Noregs klima- og miljøminister, Andreas Bjelland Eriksen (Ap).
Han hugsar godt at Parisavtalen kom. Han var då 23 år og student. Ti år etter Parisavtalen seier Eriksen at det framleis er mykje som er vanskeleg i verda og at ting på klimafeltet ikkje går raskt nok.
– Samstundes tenker eg jo at Parisavtalen har fungert. For viss du ser kor den globale oppvarminga er på veg ti år seinare, så har vi flytta verda store steg i riktig retning.
Vaks opp i Parisavtalen
Liva Nordhus (22) i KFUK-KFUM Global hugsar godt at lærarane på skulen fortalde at det hadde kome ein avtale i Paris, at han skulle hjelpe jordkloden å kome på ein betre stad.

Ho trur det er derfor generasjonen hennar engasjerte seg sånn i klimastreikane, som var spesielt store i 2019.
– Fordi vi vaks opp i Parisavtalen. Eg fryktar litt at dei barna som veks opp i dag veit mindre om Parisavtalen og om dei globale prosessane som vi prøver å få til. Det synest eg er litt urovekkande.
Ho håper undervising om klimaendringar og internasjonale klimaavtalar for barn og unge kan bli eit tema framover.






















