Pengefond for tap og skade vedteke på klimatoppmøtet

Norske ungdomsaktivistar jublar for fondet, men meiner det står att fleire utfordringar.

På klimatoppmøtets første dag i Dubai, vart det bestemt at verda skal samarbeide om eit pengefond for tap og skade.

Pengane i fondet skal gå til å hjelpe dei som er mest sårbare for klimaendringar og konsekvensane av dei. Det er venta å bli meir ekstremvêr, tørke og øydeleggingar som følgje av klimaendringane.

Julie Rødje på FNs klimatoppmøte, kjent som COP28, i Dubai. Foto: Privat

– Det er ein stor og viktig siger at fondet er vedteke. Vi ser allereie dei brutale konsekvensane klimaendringar har for land og menneske, uttalar Julie Rødje, som er dagleg leiar i SLUG – Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk.

Overraskande

Elise Åsnes og Thea Erfjord er til stades i Dubai for ungdomsorganisasjonen Spire. Dei er glade og overraska over at fondet kom på plass så raskt.

– Etter fleire tiår med press frå det globale sør er det godt at vi i dag går eit steg vidare og endeleg vedtar eit tap og skade-fond.

– Samstundes er det no den viktige jobben startar, understrekar Spire-leiar Elise Åsnes.

Thea Erfjord og Elise Åsnes på klimatoppmøtet i Dubai. Foto: Spire

Pengar på bordet

For det er framleis utfordringar knytt til å sikre menneskerettar og tilgang til fondet, og dessutan korleis ein skal få inn pengar til det.

Det er venta at ein vil trenge 290–580 milliardar amerikanske dollar innan 2030 for å handtere tap og skadar som følgje av klimakatastrofar, opplyser dei i pressemeldinga.

– Pengane Noreg har lova til klimafinansiering er ein brøkdel av det vi burde bidra med, seier Spire-leiaren.

Fleire land har ifølgje VG erklært kor mykje dei vil bidra med i fondet. Vertsnasjonen Dei sameinte arabiske emirata og Tyskland gir begge 100 millionar dollar.

Julie Rødje i SLUG meiner det er viktig at pengane i fondet blir gitt som gåve, og ikkje lån.

Verdsbanken

Changemaker-leiar Marte Hansen Haugan i Dubai. Foto: Privat

Det er no klart at Verdsbanken skal vere vertskap for fondet. Marte Hansen Haugan i Changemaker meiner det er utfordringar knytt til dette.

– Maktbalansen i Verdsbanken er svært skeiv, og det er dei rikaste som sit i førarsetet. Vi kan ikkje risikere at dei fattigaste, mest marginaliserte som treng fondet mest, har minst innflytelse i dette fondet.