Noreg hjelper Afrika med kokeomnar

Noreg skal hjelpa 3,6 millionar afrikanarar med omnar til rein matlaging.

På klimatoppmøtet i Dubai fortalte statsminister Jonas Gahr Støre at Noreg skal investera 200 millionar kroner i kokeomnar som afrikanske familar skal bruka.

– Å investera i rein matlaging er å investera i kvinnehelse. Det er i all hovudsak kvinner og jenter som lagar mat til familien i Afrika og som pustar inn røyk og andre farlege gassar når mat blir til med varme frå kol, ved og kvist. Noregs bidrag til reine kokeomnar er også eit bidrag til kvinners rettar som er ein av Noregs hovudprioriteringar i utanriks- og utviklingspolitikken, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim til NRK.