Det er heile 27 år sidan herrelandslaget til Noreg klarte å kvalifisere seg til VM i fotball. Endeleg kan det sjå ut til å ha snudd seg.
0-0 til pausen
Halvvegs uti kampen var det framleis ikkje mål. I pausen var landslagstrenar Ståle Solbakken roleg, ein kontrast til då trenaren tok hardare i i pausen mellom Noreg og Moldova. Det fortel fotballspelar Patrick Berg til NRK.
– Då blei vi nesten skjelt ut i pausen.
I pausen i Noreg–Moldova-kampen leia Noreg 5-0, og kampen enda 11-1.

– Deiligaste scoringa
Like etter pausen mot Estland tok det ikkje mange minutt før Alexander Sørloth sette ballen i nett med hovudet.
– Det er den deiligaste scoringa eg har hatt i karrieren. Det var mange kjensler, seier Sørloth til Norges Fotballforbund, før han skryt av innlegget til Sander Berge.
Å sette ballen i mål med ein heading til, var noko Sørloth repeterte eit par minutt etterpå.
Seinare i kampen, dobla Erling Braut Haaland stillinga, før Robi Saarma scora Estland sitt einaste mål.
27 år sidan VM – no er det 99,9% sikkert
Noreg har ikkje klart å kome seg til VM sidan 1998. Då kom dei til 8.-delsfinalen og vart slått ut av Italia.
I år er Italia Noreg sin siste motstandar før alt er 100 prosent sikkert. Men grunna målskilnadar har Noreg veldg stor sjanse for å kome seg vidare; det er heile 99,9 prosent sikkert at Noreg kjem til VM.
Italia kan vinne kampen med stillinga 8-0 på sundag og Noreg vil framleis kome til VM. Italia må vinne med 9 mål eller meir for å vinne gruppespelet og sende Noreg ned på andreplass.
Etter kampen feira landslaget med burgarar henta inn av kapteinen sjølv, med berehjelp frå tre andre.






















