Barn i Kirkenes: – Det har kome dronar frå Russland hit

Jonathan, Hannah og Mia på 11 år går på skule i Kirkenes. I byen heilt oppe i nord lever dei på grensa til Russland. Sidan krigen starta i Ukraina, har noko endra seg.

– Viss du flyg dronar for høgt her i Kirkenes, sidan vi bur så nærme Russland, så kan du få bot, seier Jonathan (11).

Det er ikkje lov å flyge dronar nærme flyplassar, og Kirkenes sentrum er nærme. Difor er det forbode å flyge dronar, med mindre du har tillating frå luftfartsstyresmaktene.

– Det er litt ekstra viktig, for det har kome dronar frå Russland over hit, frå russiske spionar. Det er eigentleg ikkje så smart å ha dronar i det heile tatt, seier Hannah (11).

MIIMETVI: Kirkenes skole er den første skulen i Noreg som vart med i Fotballforbundets «MiiMetVi». Her handlar det om at skulane skal stå for inkludering og fellesskap og stå saman mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar. Mii, met og vi betyr «vi» på samisk, kvensk og norsk. Foto: Vilde Standal Bøyum

Dronelysshow

Jonathan, Hannah og Mia fortel at Kirkenes arrangerer ein festival kvart år, kalla Barents Spektakel. Dei kjem inn på festivalen når vi snakkar om dronar og Russland.

I 2020 vart det arrangert eit dronelysshow under festivalen. Russiske programmerarar flaug dronane sine i lufta og laga ulike mønster av lys.

Jonathan, Hannah og Mia var 5–6 år gamle då dei såg på showet.

– Eg veit ikkje kva som skjedde, om dei mista signal eller kva, men nesten alle dronane datt i bakken, seier Jonathan. Han fortel at bestemora såg ein drone fly over mot Russland.

Dronelysshowet var eit samarbeid mellom norske og russiske personar.

DRONANE FALL: Under dronelysshowet i 2020 såg Jonathan mange av dronane falle i bakken. Foto: Vilde Standal Bøyum

Passe på å ikkje gå over grensa

Då Russland invaderte Ukraina i 2022, var det noko som endra seg i Kirkenes.

– Det har vore veldig mange politikarar her, seier Hannah.

– Folk er meir forsiktige ved grensa, seier Mia.

Dei har vanlegvis bada i elvemunningen av Grense Jakobselv, der elv blir til hav. Elva er den synlege grensa mellom Noreg og Russland.

– Vi må berre passe på når vi badar at vi ikkje går for langt, seier Hannah.

Sjølv om dei kan vere bekymra for at krigen kan kome til Kirkenes, så trur ikkje dei at det vil skje.

– Russland er nærme, men vi tenkjer kanskje ikkje så mykje over det, for det har vore sånn heile livet, seier Hannah.

ALVORLEG: Krig og fred er eit alvorleg tema som Jonathan, Hannah og Mia tar på strak arm. Foto: Vilde Standal Bøyum

– Vi kan gjere som vi har lyst til

– Vi bur i eit land med fred. Kva betyr fred for dykk?

– At det ikkje er noko krig, at vi ikkje blir truga, seier Mia.

– Vi har det fint, vi kan gjere litt som vi har lyst til, som å ha det gøy, seier Jonathan.

TULL: Det er viktig å le litt etter ein samtale om krig og fred. Foto: Vilde Standal Bøyum

– Kva trur de må til for å skape fred?

– Alle må samarbeide, meiner Hannah.

– Ikkje tru at landet ditt er betre enn andre sitt, seier Mia.

– Kanskje berre heile verda bør gjerast om til eitt land, foreslår Hannah.

Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.