Humor hjelper barn i krig

Når verda er skummel, kan latter og tull gjera det litt lettare å leva.

Psykolog Solfrid Raknes har reist mange stader der barn lever midt i krig og redsel. Ho har sett noko som går igjen overalt:

– Mange barn byrjar å tulla, le og finna på ting – sjølv om alt rundt dei er trist eller farleg, fortel ho.

Når tull blir superkraft

For vaksne kan det verka rart. Korleis kan ein tulla når bomber fell, og folk må gøyma seg? Men Solfrid seier at det faktisk er smart.

– Leiken hjelper barna å rista av seg frykta. Kroppen får kvilt litt, og hjernen får pause, forklarer ho.

Psykolog Solfrid Raknes. Foto: Privat

Når barn leikar, bruker dei fantasien sin. Dei kan lata som dei er trygge ein annan stad, eller at dei reddar kvarandre.
Det gir håp og styrke.

– Leiken fungerer som ein slags medisin for hjernen, seier Solfrid.

Magic Mitten – ei magisk hjelp

I Gaza og fleire andre stader har Solfrid og andre brukt ein app som heiter Magic Mitten.
Det betyr «den magiske votten» på engelsk.

Det er eit spel og ei forteljing om to tvillingar som må flytta frå heimen sin.
Gjennom historia lærer barna korleis dei kan roa seg ned, snakka om det som er skummelt, og finna igjen tryggleiken.

– Barna lærer korleis kroppen reagerer når ein er redd, og kva ein kan gjera for å roa seg. Me lærer dei små triks som pust, tankar og leik som hjelper, forklarer Solfrid.

Leik som friminutt

Mange barn bur no i tilfluktsrom – altså trygge rom under bakken.
Der er det mørkt og fullt av menneske.
Men sjølv der klarer mange å leika.

– Nokre foreldre bruker Magic Mitten på telefonen sin saman med barna. Når dei leikar eller høyrer historier, gløymer barna litt av frykta.
Leiken blir som eit lite friminutt midt i alt det fæle, fortel Solfrid.

Når barn leikar saman, hjelper dei også kvarandre.

– Dei gir kvarandre råd og finn trøyst. Ofte kan eit barn seia noko viktig i leik som det ikkje klarer å seia i ein alvorleg samtale, seier Solfrid.

Leiken opnar dørene for kjenslene. Han gir både styrke og vennskap.

– Overalt eg har jobba, har eg sett barn med ei fantastisk evne til å tulla. Latteren gjer det mogleg å overleva, seier Solfrid.

Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.