I september tok områda rundt Sognefjorden tak for andre år på rad. Ryddedugnaden «Rein Sognefjord» vart arrangert og blant deltakarane var fleire skular med.
Tor Bjarne Ulvestad (11), Ingrid Elise Gilpin (10), Daniel Lillehauge (11) og Ella Hopperstad Berdal (10) likar å få vere med på dugnad for å halde fjorden rein. Dei er aktive brukarar av fjorden som Feios skule ligg rett i nærleiken av.
Fann mykje rart
Dørpynt av metall, glasflaske og ein spade i plast var mellom dei tinga som dukka opp under ryddedugnaden.
– Kva var det raraste de fann?
– Vi fann ein badesko, seier Ingrid Emilie, før ho legg til:
– Det farlegaste vi fann var to sprøyter.

Ella fortel at det var mykje plast å finne, og at ein medelev brukte nesten heile tida på å plukke ut veldig mykje boss frå ein busk.
– Det det var mest av var sånne små bitar, og nokre store bitar, av isopor, fortel Ella.
Isopor er ein kvit plast som ofte vert brukt til å verne om knuselege gjenstandar. Dei utgjer ein stor miljøskade, fordi dei smuldrar opp og blir til mikroplast i havet. Dei bryt veldig sakte ned.
Brukar fjorden mykje
Daniel og Tor er veldig glade i å fiske. Nokre gongar er dei ute i båt, men Tor føretrekk å stå på kaia. Då er det fint at det ikkje er fullt av boss.

– Når det kjem boss og sånn i naturen, så døyr jo fisken, seier Tor.
Han forklarer at når dei er ute på fisketur, og dei ser boss, så plar dei å plukke det med seg.
– Kva er det som gjer at de vil vere med på slike dugnadar?

– Det er bra for naturen, og så er det gøy, seier Daniel.
Å dra ut og rydde med skulen er sosialt, og dei er saman i grupper i fleire timar. Fleire stiller, og vanlegvis kjem det ei med nepesuppe og kanelbollar.
– Det verste som skjer er jo at om vi et fisken som er full av plast, så får jo vi òg det i oss, seier Tor.
Kajakk- og kanotur
Ella er veldig glad i å padle på fjorden. Hennar beste oppleving var første gong ho padla utover på tur med faren langs fjorden.
– Eg padla med pappa ein fjerdedel av vegen mellom Feios og Leikanger, fortel ho.
Det vil seie vel over éin kilometer padling. Det tykte ho var veldig gøy.
– Eg kjente på meistring, seier Ella.
– Min beste oppleving var med kano, innover Indrefjorden, seier Ingrid Elise.

Der stoppa dei og bada. Indrefjorden er inst i Arnafjorden, som er ein fjordarm av Sognefjorden.
– Då tenkte eg at vi er veldig heldige som har ein så fin fjord, seier ho.