Difor kjem gutar i stemmeskifte

I puberteten er det mykje som forandrar seg, mellom anna stemma til gutane. Årsaka til dette kan sporast heilt tilbake til apene.

Testosteron

Testosteron er det viktigaste mannlege kjønshormonet. Eit hormon er eit stoff i blodet som sender beskjeder frå ein del av kroppen til ein annan og får bestemte ting til å skje. Hos menn blir hormonet testosteron danna i testiklane, og hos kvinner i eggstokkane. Hormonet bidreg mellom anna til muskelvekst, utvikling av mannlege kjønnsorgan og stemmeskifte.

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Det er hormonet testosteron som gjer at gutestemma blir om lag 75 prosent mørkare enn jentestemma.

Forsking viser at gutar opp gjennom historia har hatt fordelar av at stemma deira er mørkare og djupare, og difor går gutar gjennom stemmeskifte den dag i dag. Desse fordelane handlar om å finne ein kvinneleg partnar, skriv forskning.no.

– Kvinner oppfattar generelt menn med djupare stemmer som meir attraktive, seier Christoph Schild som har forska på stemmer.

Aper med mørk stemme bestemmer

Ein studie frå 2023 viste at også apar med djup stemme hadde fordelar blant andre apar.

Apane med dei mørkaste stemmene var nemleg meir dominerande i flokken og hadde lettare for å finne hoer å pare seg med.

Om dyr faktisk kjem i stemmeskifte slik menneske gjer, er vanskeleg å seie.