Kva i all verda skjer med stemma i puberteten?

Både gutar og jenter går gjennom stemmeskifte i puberteten. Me har spurt Jens Petter Berg, professor i medisin ved Universitetet i Oslo, om kva som eigentleg skjer med stemma.

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

– Ein pubertet tek i gjennomsnitt to til fire år og ei endring i stemma er ein av endringane som skjer hos både gutar og jenter. Hos dei fleste skjer det ikkje før 1–2 år ut i puberteten, fortel han.

Det er hormon som påverkar kva tid kroppen går inn i denne endringa. Hormon er kjemiske bodbringarar som kroppen brukar for å setja i gang ein endring i kroppen.

– I puberteten startar kroppen å produsere eit hormon som heiter «testosteron» hos gutar. Jentekroppen startar å produsere eit hormon som heiter «østradiol».

Stemma sprekk

Det er vanleg og normalt å oppleva at stemma svingar mellom lyse og mørke tonar i puberteten.

– Det at stemma sprekk går over når dei to stemmebanda er ferdig å vekse.

– Du kan samanlikne stemmebanda med gitarstrengar. Hos barn er «strengane» korte og tynne og desse gir lyse tonar. I puberteten blir «strengane» lengre og tjukkare. Då er det som om gitaren spelar på tjukkare strengar. Og det gjer at stemma blir mørkare i tonen, fortel Jens Petter.

I strupehovudet i halsen ligg det eit luftrøyr – og inni dette røyret ligg det to stemmaband. Når me pustar fritt legg dei to banda seg med litt mellomrom. Når me brukar stemma, får små musklar banda til å møtes på midten og gjer at det blir trongare for lufta å passere ut gjennom luftrøyret. Då lagar me lyd fordi stemmebanda gjer at det blir svingingar i lufta som kjem ut av oss.

EKSPERT: Jens Petter Berg er professor i medisin og ekspert på hormon. Foto: Privat

Kroppen veks

– Stemmebanda veks mykje i puberteten. Hos barn er dei 1,2 cm lange – men dei veks til å bli 2,5 cm hos gutar og 1,5 cm hos jenter som er ferdig med puberteten. Det skjer også andre ting som påverkar stemma. Overkroppen og lungene blir også større – og dermed blir det meir plass til luft som lagar kraftigare lyd. Du kan samanlikna det med ei tromme som blir større og gir djupare klang, fortel Jens Petter.

På toppen av det heile veks heile skjelettet.

– I skjelettet i hovudet har me små hulrom som kalles bihuler, som også er med på å laga lyd. Når skjelettet veks, blir hulromma større og dette påverkar klangen i stemma, fortel Jens Petter.

GIF: Giphy.com