Mytar om puberteten

Er det faktisk slik at det berre er gutar som gjennomgår stemmeskifte i puberteten? Og kjem alle i puberteten? Me har sett på nokre av mytane som verserar om puberteten.

Du har nok heilt sikkert høyrt mange mytar om puberteten og om kroppen – «fakta» som eigentleg ikkje er heilt rett.

Her kan du kanskje få svar på nokre av mytane som blir sagt om puberteten.

1: Det er berre gutar som får auka hårvekst i puberteten

Det er feil!

Også jentene får meir hår i puberteten.

2: Alle kjem i puberteten samtidig

Det er feil!

Det er heilt forskjellig når ein kjem i puberteten. Nokre kan komma i puberteten veldig tidleg, medan for andre kjem den seinare.

GIF: giphy.com

3: Alle veks mykje i puberteten

Det er feil!

Nokre veks mykje, andre veks lite.

4: Kviser betyr at du er dårleg på hygiene

Det er feil!

Det å vaska og rensa huda før mykje, kan faktisk vera med på å forverra kviser.

5: Det er berre gutar som gjennomgår stemmeskifte

Det er feil!

Jenter går gjennom stemmeskifte også, men det skjer meir gradvis og er ikkje like lett å høyra.

6: Alle synest puberteten er vanskeleg

Det er feil!

Det er mange som synest puberteten er gøy og spennande. Andre derimot, kan synast at endringane som skjer i kroppen er vanskeleg.

GIF: giphy.com

7: Det er normalt å ha så sterke mensensmerter at ein kastar opp og ikkje kan gå på skulen

Både og.

For nokre er veldig smertefullt å ha mensen, men det er ikkje slik det burde vera. Viss du har det slik når du har mensen, burde du snakka med ein helsesjukepleiar eller lege for å få hjelp.