Dei tre finaleorda vart kindness, artificial intelligence og conflict, som vart rangert i den rekkjefølgja.
Borna uttrykte at det var stort behov for å vera snillare med kvarandre, sett i lys av alt det negative som føregår.
– Me veit frå tidlegare år at unge er veldig bevisste på store saker som kan splitta oss som samfunn og samstemte med den viktige rolla språk kan spela i å bringa folk saman. Dette valet signaliserer noko meir personleg, ei bevisstheit rundt psykisk helse og dei skjulte utfordringane andre kan stå overfor, seier Andrea Quincey, som er ansvarleg for barneinnhaldet til Oxford University Press.
Over halvparten uttrykte òg entusiasme og positive kjensler knytt til kunstig intelligens (artificial intelligence).
Barna stemte òg fram sine tre mest likte slanguttrykk, som vart slay, sigma og skibidi.