Halvparten av barna i verda har opplevd fysisk, psykisk eller seksuell vald det siste året, ifølge Verdsorganisasjonen for helse (WHO). Men no skjer det viktige endringar, skriv Verdens Beste Nyheter.
Sverige var det første landet som forbaud vald mot barn i 1979, og sidan har mange land følgt etter. I Noreg blei det straffbart å bruke vald i oppdraginga i 1987.
I juni 2024 vart Tadsjikistan det 67. landet som forbaud vald mot barn, og no lovar fleire land å gjere det same.
102 land
På ein stor konferanse i Colombia lova heile 102 land å beskytte barn betre. Dei vil til dømes gjere skular tryggare og hjelpe barn som har opplevd vald.
No håpar ekspertane at desse løfta skal bli til ekte handling. Det er framleis mykje å jobbe med, men mange land viser at dei vil gjere ein forskjell.
- LES OGSÅ: 1 av 5 unge opplever vald heime