Eitt av fem barn opplever at foreldra luggar eller klyp

I ein ny rapport kjem det fram at eitt av fem barn opplever fysisk vald som å bli lugga, klypt, rista eller slått med flat hand av foreldra.

Framtida Junior har snakka med Kaia Dannevig Mollestad som jobbar i Stine Sofies Stiftelse. Ho har tidlegare arbeida som etterforskar i politiet, og jobbar no med å hjelpe barn som blir utsett for vald, overgrep eller begge deler.

Vi veit at dette skjer. Heilt klart. Vi har hatt over 700 barn her på Stine Sofie-senteret dei siste tre åra. Vi ser både fysisk og psykisk vald. Klyping, lugging, slag med flat hand og risting er også vald. Det er ulovleg, seier Kaia. 

HJELPER BARN: Kaia Dannevig Mollestad som jobbar i Stine Sofies Stiftelse. Ho har tidlegare arbeida som etterforskar i politiet. Foto: Stian Herdal

Sei ifrå

Ho meiner det viktigaste er at alle barn får vite at det ikkje er lov at vaksne oppfører seg slik. 

Det er viktig å seie ifrå så snart som mogleg om du opplever dette heime. Jo lenger tid det går, jo vanskelegare blir det å gje beskjed, seier Kaia. 

Sei gjerne direkte til den som gjer deg vondt at det er ulovleg. Viss det skjer igjen, snakk med ein vaksen du stolar på, seier ho.

 

Vaksne må lære

Ho seier barn ikkje må vera redde for å gje beskjed. Det er fyrst då den vaksne kan få hjelp til å vera forelder på ein betre måte.

Foreldren må få lære at det ikkje er lov å slå, klype, lugge eller riste. Før i tida var det meir akseptert at foreldre gjorde det i oppdragelsen av barn. Det er ikkje slik lenger, og det må alle vite, seier Kaia. 

Ho oppfordrar barn til å lese meir om kva som er lov og ikkje lov på jegvilvite.no. 

Der kan ein også ta ein test der ein lærer meir om kva som er rett og galt, seier Kaia.

Opplever du klyping, lugging, slag med flat hand, risting eller anna vald og/eller overgrep? Vit at det er hjelp å få. Snakk med ein vaksen du stolar på. Du kan også ringe alarmtelefonen for barn og unge: 116111.