1 av 5 unge opplever vald heime

I ein del familiar blir det så mykje konflikt at det kan vera at ein av dei vaksne, eller begge, brukar vald mot kvarandre eller barna sine. – Då er det viktig å be om hjelp, seier Kristin Stokke som er fagleg leiar i Stine Sofies Stiftelse.

Kva er vald?
  • Ifølgje barnekonvensjonen har alle barn rett til eit liv utan vald og overgrep. Barnekonvensjonen er ein del av norsk lov.
  • Psykisk vald er å seia eller gjera ting som skremmer, trugar, audmjukar eller sårar barn.
  • Fysisk vald kan vera når vaksne med vilje slår, sparkar, luggar, klyp eller gjer andre ting som fører til smerte eller skade.
  • Vaksne som slår eller utset barn for andre former for vald treng hjelp til å slutta.

 

Kjelde: Redd Barna/Undersøkjinga “Ungdoms erfaringer med vold og overgrep i oppveksten: En nasjonal undersøkelse av ungdom i alderen 12 til 16 år”

LES FAKTALUKK FAKTA
Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

1 av 5 unge har opplevd psykisk eller fysisk vald minst ein gong heime.1 av 20 unge opplever seksuelle overgrep frå vaksne. Mange opplever også overgrep frå andre barn eller søsken.

I kvardagen hjelper Stine Sofies Stiftelse barn og unge som har blitt utsett for vald eller overgrep.

– Eit godt råd er å snakka med ein vaksen du stolar på. Ein slektning, ein lærar, helsesjukepleiaren på skulen, eller ein nabo, seier Kristin.

Viss du synest det er vanskeleg å snakka med nokon ansikt til ansikt, kan du ringa Alarmtelefonen for barn og unge som har nummer 116 111. Der kan du velja om du vil snakka eller du kan chatta på ​​www.116111.no.

– Vit at det er mange som står klar til å hjelpa deg som opplever vald eller overgrep, seier Kristin.

Vond hemmelegheit

Det er mange barn og unge som opplever at det blir ekstra vanskeleg å gje beskjed om korleis dei har det heima, dersom dei har søsken som ikkje vil seia noko til nokon.

– I familiar der ein søskenflokk opplever vald eller overgrep frå ein eller begge foreldra, kan det bli svært vanskeleg dersom eit av barna vil gje beskjed om det som skjer til nokon som kan hjelpa, medan resten av søskenflokken vil halda på den vonde hemmelegheita.

– Då er det viktig å vita at det å snakka med ein vaksen alltid er det rette, uansett kor sinte eller frustrerte søskena dine blir. Det er mykje viktigare å få hjelp enn å unngå krangel med søsken dersom ein opplever vald eller overgrep, seier Kristin.

Illustrasjon: Stine Sofies Stiftelse/Stine Sofie Barnehagepakke

Her kan du ringa/chatta om du treng nokon å snakke med:

  • Ring til alarmtelefonen for barn 116 111. Der kan du vera anonym og det er gratis.
  • Ring til barnevernet i kommunen der du bur. Du finn telefonnummeret på kommunens si heimeside.
  • Sei ifrå til ein du stolar på og be om hjelp. Det kan vera ein i familien din eller ein annan vaksen.
  • Ring Kors på halsen som har nr. 800 333 21. Det er heilt anonymt og gratis. Du kan også chatta anonymt på nettsida deira korspåhalsen.no.
  • SnakkOmPsyken.no er ei chat-teneste for barn og unge frå 9-19 år.