Her er hjelp å få om du blir utsett for vald eller overgrep

No er skular, barnehagar og fritidstilbod stengt i nokre veker framover. Dei fleste barn er heime og har det trygt. Men nokre barn kan føle at denne tida er ekstra vanskeleg fordi dei ikkje har det bra heime.

Leiar for Redd Barnas Norgesprogram, Monica Sydgård, tenkjer ekstra mykje på deg som har det slik akkurat no.

– Det er viktig at barn som er redde, bekymra eller ikkje har det bra heime veit at dei kan ta kontakt med vaksne som dei kan prate med og få hjelp frå.

– Det er framleis lærarar på skulen du kan ringe til. Eller du kan kontakte ein annan vaksen som du er trygg på. Det kan vera ein nabo, ein trenar eller nokon andre i familien som du stolar på, seier Monica.

VIL HJELPE: Monica Sydgård er leiar for Redd Barnas Norgesprogram. Foto: Redd Barna

Ikkje gje opp

Det er viktig at du tek kontakt med ein annan person om det viser seg at den fyrste du kontakta ikkje kan hjelpe.

– Ikkje gje opp. Du kan også ringe alarmtelefonen for barn og unge på 116111 for å snakke og for å få hjelp. Du kan også ringe alarmtelefonen dersom du er bekymra for ein ven, ein bror eller ei syster, seier Monica.

I følgje Dagsavisen har Alarmtelefonen for barn og unge opplevd ei auke på 4000 prosent på nettsida og Facebook dei siste dagene.

Her kan du ringe/chatte om du treng nokon å snakke med:

  • Ring til alarmtelefonen for barn 116 111. Der kan du vera anonym og spørje om det du lurar på. Det er gratis og telefonen er døgnopen grunna korona-viruset.
  • Ring til barnevernet i kommunen der du bur. Du finn telefonnummeret på kommunens si heimeside. Barnevernet skal hjelpe barn som har det vanskeleg.
  • Sei ifrå til ein du stolar på og be om hjelp. Det kan vera ein i familien din eller ein annan vaksen.
  • På Kors på halsen kan du prate med eller skrive til vaksne som er frivillige i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å seie og hjelper deg om du vil. Det er heilt anonymt og heilt gratis. Telefonnummeret deira er 800 333 21. Du kan også chatte og sende mail anonymt på nettsida deira korspåhalsen.no.
  • BARsnakk er ei chatteteneste for barn, ungdom og vaksne som har foreldre som har rusproblem, eller som kjenner nokon som har det. Det er heilt gratis, og du kan vera heilt anonym.
  • SnakkOmPsyken.no er ei chat-teneste for barn og unge frå 9-19 år. Her kan du snakke med ein trygg vaksen om korleis du har det, om du synest at noko er utfordrande og vanskeleg, eller treng nokon å prate med.