Trump vil ha «norsk» forsvarsminister

44 år gamle Pete Hegseth kan bli ny amerikansk forsvarsminister viss Donald Trump får viljen sin.

Pete Hegseth er mest kjent som kommentator for den Trump-venlege tv-kanalen Fox News. Han har tidlegare tenestegjort som soldat i Afghanistan, og kan no bli forsvarsminister, viss Donald Trump får viljen sin.

Familien hans er norsk og skandinavisk på begge sider, melder NRK.

Den nye leiaren av Senatet i USA er norskamerikanaren John Thune. Og norskamerikanske Kristi Noem kan bli ny innanriksminister.

– No er norskamerikanarane betre representert enn nokon gang, og me har fått eit veldig godt utgangspunkt for god innflyting og godt samarbeid, seier stortingsrepresentant Bård Ludvig Thorheim (H) til NRK.