ICE bestemmer ikkje kven som får bli i USA, men har som jobb å handheva reglane som politikarane har vedteke. Nokon meiner dei skapar tryggleik, medan andre meiner dei skapar frykt
ICE står for United States Immigration and Customs Enforcement. På norsk betyr det omtrent USAs innvandrings- og tollmyndigheit. ICE har som jobb å følgja med på kven som bur i USA, og å sørgja for at innvandringslovene blir følgde.
ICE blei oppretta i 2003 og er ein del av tryggleiksstyresmaktene i USA. Dei har fleire oppgåver, men dei viktigaste er:
- å finna personar som ikkje har lovleg opphald i USA
- å arrestera personar som bryt innvandringsreglane
- å senda personar ut av landet dersom styresmaktene har bestemt det
- å etterforska alvorleg kriminalitet, som menneskesmugling og ulovleg handel
Det er ofte ICE som gjennomfører det som blir kalla deportasjon, altså når nokon blir sende ut av USA. Det er likevel ikkje ICE som lagar reglane eller avgjer lovene, men politikarane og domstolane.

Kvifor har ICE fått mykje kritikk?
Mange er kritiske til ICE, og det er fleire grunnar til det. Ein viktig grunn er at familiar kan bli splitta. Nokre gonger blir foreldre arresterte, medan barna blir verande igjen. Nokre av barna er fødde i USA og er amerikanske statsborgarar.
Andre meiner at ICE brukar for harde metodar, til dømes når dei arresterer folk heime eller i nabolag. Dette kan skapa frykt – også hos barn – og har ført til store protestar i fleire amerikanske byar.
Er alle einige i kritikken?
Nokre meiner at USA treng ICE for å halda orden og tryggleik i landet. Dei meiner at lovene må følgjast, og at ICE berre gjer jobben sin.
Andre meiner at innvandringsreglane burde vera meir menneskelege, og at ICE burde endrast – eller leggjast heilt ned.






















