Aksel elskar småkryp

Då Aksel August Bråten (24) fall inn i ein busk som fireåring, oppdaga han ei larve som likna ein pokémon. Sidan den gongen har han vore interessert i insekt.

Puppe
  • Puppe er eit stadium i utviklinga hos mange insekt. 
  • I puppestadiet utviklar ei larve seg til eit vakse insekt. 
  • Sommarfugl er døme på eit insekt som først er larve, så puppe, før det bryt ut av puppa som ein sommarfugl.
  • Mange insekt i puppestadiet er beskytta av ein kokong – eit beskyttande hylster.
  • Pupper kan ligge på bakken eller henge i til dømes plantar, tre og på vegger.

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Ein dag Aksel leika i barnehagen, enda han med å falle inn under ein busk.

– Då eg skulle prøve å komme meg ut, såg eg ei gigantisk grøn, lilla, kvit og oransje larve.

LARVITAR: Som barn syntest Aksel ligustersvermar-larva likna Pokémon-karakteren Larvitar. Foto: ©2024 Pokémon / Nintendo / Creatures / GAME FREAK

Ho var tolv centimeter lang og hadde ein pigg på rumpa, fortel Aksel ivrig.

Aksel syntest larva likna pokémon-karakteren Larvitar, men det skulle vise seg å vere ei ligustersvermar-larve han hadde oppdaga. Det er Noregs største larve og sommarfuglart.

Kvart år sidan har han forsøkt å finne larva. Det har han ikkje lukkast med før i år.

Sommarfuglar og larver

Sjølv om han ikkje har funne favorittlarva igjen før no, har Aksel sidan episoden i barnehagen studert andre larver og sommarfuglar, i tillegg til insekt som biller, augestikkarar og andre småkryp.

TIKTOKAR: Aksel August Bråten er mellom anna kjent frå TikTok og har delteke i TV-seriar som Kompani Lauritzen: Tropp 2 og Ekstrem gjemsel. Foto: Privat

Gjennom åra har Aksel samla på utstoppa sommarfuglar, og no har han ei stor samling med artar både frå Noreg og utlandet.

– Eg tek berre ei jente og ein gut av kvar art, for å gripe minst mogleg inn i naturen, forklarer Aksel.

AVL: Her ser vi puppene til ligustersvermarane som Aksel avlar fram. Foto: Privat

Han driv òg med larveoppdrett av artar han synest er fascinerande.

– No har eg fleire hundre ligustersvermarar som er i puppestadiet. Eg skal stoppe ut ei jente og ein gut til samlinga mi, og resten skal eg sleppe fri rundt om i naturen.

Synest edderkoppar er ekle

Aksel har rett nok full forståing for at folk kan synst at småkryp er ekle og skumle. Sjølv er han ikkje særleg glad i edderkoppar.

– Eg synest edderkoppar er heilt forferdelege. Eg skrik og hyler når eg møter på dei.
Likevel har Aksel respekt for edderkoppane.

– Dei er veldig viktige dyr, og vi treng dei i naturen.

SOMMARFUGLSTADIET: Her ser vi ein ligustersvermar i sommarfuglstadiet. Foto: Privat

Respekt for alt levande

SAMLING: Desse sommarfuglane er frå sommarfuglfamilien birdwings. Dette er ein liten del av sommarfuglsamlinga til Aksel. Foto: Privat

Grunnen til at Aksel er så glad i natur og insekt, trur han handlar om at foreldra hans har

teke han med ut i naturen for å utforske.

– Då eg var liten tok mamma alltid med seg ein liten boks når vi var ute på tur. Der samla eg ulike insekt så eg kunne studere dei.

Etter å ha lært om småkryp gjennom oppveksten, meiner Aksel at ein skal behandle alle dyr – alt frå kjæledyr til insekt – med respekt og varsemd.

– Sjå på det, prøv å forstå det og tenk at dette er vennen din.