Slik kan du ta vare på insekta

Insekt er viktige for at naturen skal fungere som han skal. Ein måte du kan ta hjelpe og vareta insekta på, er å opne eit insekthotell.

Vi menneske er avhengige av insekt. Dei er på ein måte jordkloden sine vaktmeistrar, fordi dei bidreg til at økosystema fungerer som dei skal. Eit økosystem er levande vesen som finst på eit bestemt område, til dømes i ein vasspytt eller ein skog. Alle dei levande vesena er her er avhengige av kvarandre, også insekta.

Insekt trivst i holrom dei finn i gamle, daude tre eller strå. Her legg dei egg som blir til larver (barna til insekta) som trygt kan utvikle seg. Slike trygge holrom er det rett nok mangel på mange stader, spesielt i byar. Derfor kan det vere fint å opne insekthotell.

Eit insekthotell er ei slags kasse med mange hol, gjerne med ulik storleik og laga av ulike materiale som bambus, strå eller ved du har bora hol i. Desse hola fungerer på ein måte som hotellrom for insekta.

Her kan du lære korleis du byggjer ditt eige insekthotell!

Viktig å hugse på

I tillegg til å lage eige insekthotell, kan du også kjøpe det i fleire butikkar. Uansett om du lagar sjølv eller kjøper, er det nokre ting som er viktige å hugse på for at hotellet skal fungere best mogleg:

  • Hola i hotellet bør vere frå 2 millimeter opp til 2 centimeter i diameter, men det bør vere flest hol mellom 4–8 millimeter.
  • Djupna på hola bør vere minst 5 centimeter og kan gjerne vere 20 centimeter.
  • Det er ikkje vits å ha insekthotell med kongler, sagmugg og barkebitar – det er hol som gjeld.
  • Plassar hotellet på ein solrik vegg, gjerne vendt mot sør, i nærleiken av blomar.
  • Ikkje ta hotellet inn eller reins det – det må få henge i fred sommar og vinter. Det er nemleg gjestar der heile året.
  • Hotellet blir ikkje brukt opp – hotellgjestane ryddar gjerne hola sine og brukar dei om att.
Bier er blant dei vanlegaste gjestane i insekthotell. Foto: Pixabay

Kven er hotellgjestane?

Insekta som bruker hotellet, er først og fremst ulike artar av bier og veps, men også ulik møll, marihøner og loftsfluger.

Du veit om hola i hotellet er i bruk ved å sjå om dei er plugga igjen med leire, kvae eller sagmugg. Men det kan også vere gjester i hola utan at dei er plugga igjen. Den beste måten å finne ut om det er gjestar i hotellet på, er å følgje med på om det kravlar insekt ut og inn av hola på varme sommardagar.

Det er som regel gjestar i hotellet heile året. Sommarhalvåret bruker mange av insekta til å bygge reir for larvane sine. Mødrene til larvane jobbar også på for å hente mat så larvane skal vekse. Etter nokre veker døyr mora, men larvane lever vidare. Neste sommar klekker dei og blir vaksne insekt som kanskje legg nye egg

Andre gjestar bur i hotellet gjennom vinteren og kryp ut når det er sommar igjen – dei blir kalla overvintrarar og er til dømes marihøner og møll.

Det hender seg at marihøner overvintrar i insekthotell. Foto: Pixabay

Kjelde: Naturhistorisk museum