Indiske barn i klimastreik

Førre veke oppmoda rørsla Fridays for feature til global klimastreik. Blant dei som deltok var skuleungar i den indiske storbyen Kalkota.

Definisjonar

Fornybar energi: Energikjelder som kjem frå naturens eige kretsløp. Det er energi som heile tida blir fornya og som det derfor aldri blir tomt for. Til dømes vasskraft, vindkraft og solkraft.

Sirkulær økonomi: Eit økonomisk system som tek inspirasjon frå sirkulære kretsløp i naturen. I ein sirkulær økonomi skal alle ressursar (varer og tenester) brukast utan at det blir avfall. Resirkulering og gjenbruk er derfor viktig i ein sirkulær økonomi.

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Førre veke oppmoda Fridays for future til ein global klimastreik, på bakgrunn av at vi har hatt ein rekordvarm sommar med mykje ekstremvêr.

Blant dei som var med i klimastreiken var indiske skulebarn i byen Kalkota. Dei demonstrerte for politikk som legg til rette for fornybar energi og sirkulærøkonomi.

Dei over 14 millionane innbyggarar som bur i storbyen Kalkota lever i eit klima prega av sterk varme og høg luftfukt. I april i år gjekk gradestokken opp til 43 grader celsius – den høgaste temperaturen måla på 50 år.

Starta med Greta Thunberg

I 2018 begynte klimaaktivisten Greta Thunberg, som då var niandeklassing, med skulestreik for klimaet kvar fredag. Dette var starten på det som i dag er den globale rørsla Fridays for future.

Barn og unge over heile verda er no engasjerte i Fridays for future. Engasjementet inneber mellom å anna skulestreik for å fremje ønskje om at politikarar skal ta klimaendringane seriøst og handle for å stoppe dei.