– Han er dessverre funnen omkomme. Det er ingen store skadar på han, men me vil få det undersøkt videre, seier Strand til NRK.
Hvaldimir blei først kjend i 2019 då han plutseleg dukka opp ved Ingøy i Finnmark og fann seg til rette blant fiskebåtane. Kvalen hadde selar rundt kroppen, og fiskarane fekk mistanke om at han hadde blitt trent opp av det russiske forsvaret. Dei hjelpte han fri, og sidan har Hvaldimir reist langs kysten og blitt ein ekte kjendis. Han var kjent for å vise fram triks til både barn og vaksne.
Skulle flyttast
Denne sommaren svømte Hvaldimir heilt ned til Oslofjorden. I juli blei det bestemt at han skulle flyttast til Aust-Finnmark for å leve saman med andre kvitkvalar, men dessverre blei eventyret hans avslutta før det kunne skje.