Elon Musk er kjent for å ta i bruk ny teknologi. Han var mellom anna med på starte bilprodusenten Tesla.
På ein teknologi-konferanse torsdag 23. mai delte Elon Musk tankane sine om korleis kunstig intelligens (KI) vil verke inn på jobbar i framtida.
– Sannsynlegvis vil ingen av oss ha ein jobb, sa han ifølge CNN.
– Viss du vil ha ein jobb som er litt som ein hobby, så kan du ha ein jobb. Men elles vil KI og robotane tilby produkta og tenestene du vil ha, sa han.
For at dette skal fungere, meiner Musk at alle må få ei form for borgarlønn. Borgarlønn er at staten betaler ut pengar, utan å krevje noko tilbake.