Den internasjonale morsmålsdagen!

Vi har mellom 6000-7000 ulike språk i verda i dag. Halvparten av desse står i fare for å forsvinne.

21. februar er den internasjonale morsmålsdagen. Dagen skal minne oss om at det er viktig at me har fleire ulike kulturar og språk i verda. Språk forsvinn om ein ikkje gjer noko for å behalde dei. Difor blir denne dagen feira over heile verda.

Grunnen til at feiringa er akkurat på denne dagen er at fleire studentar vart drepne av politiet i Dhaka fordi dei demonstrerte for at morsmålet deira skulle bli godkjent.

Språk, og morsmål er viktig for alle menneske. FN arbeider for å styrke minoritetsspråk, urspråk og utrydningstrua språk.

Nynorsk er eit minoritetsspråk.

(Kjelde: fn.no)