Hanna (12) hadde ingen vener etter skuletid

Eit innlegg mor hennar skreiv på Facebook endra på det. No har Hanna Eknes (12) frå Krokstadelva femten venninner som ønskjer å bli kjent med ho.

Mora bestemte seg for å skrive eit innlegg på Facebook der ho søkte etter ei venninne til Hanna. Ei som kan kome på besøk for å leike, lese, høyre på musikk lakke negler – ja, vera ei heilt vanleg venninne.

– Hanna har ingen vener som kjem på besøk etter skuletid. Difor blir ho heller aldri invitert i barneselskap. Ho har heller ikkje nokon å be i sine eigne bursdagar, fortalte mamma Mette Elisabeth Eknes til NRK

Rørande

No har innlegget blitt delt over 500 gongar, og mange, mange har tatt kontakt.

– Det er rørande å sjå at så mange bryr seg

Hanna er født med cerebral parese, som gjer at musklane i kroppen ikkje lystrar heilt som dei skal. Ho har også andre funksjonshemmingar. Difor går ho på Frydenhaug skule i Drammen. Det er ein skule for dei med spesielle behov.

INNLEGGET: Dette er innlegget mor til Hanna skreiv på Facebook. Over 500 menneske har delt det vidare med sine vener.

Mange vener

Etter at innlegget vart publisert på Facebook, tok det ikkje lang tid før Mette fekk meldingar.

– Folk frå heile landet ønskjer å bli venninne med Hanna, seier Mette. No er det så mange som har sendt melding, at ho må seie nei til nokon.

– Det er vondt å måtte seie nei, men no har vi femten som ønskjer å bli kjent med Hanna. Det er mange nok for oss, seier ho muntert til NRK.