Å SNAKKE MED VENER: – Augekontakt er viktig

Tale A. Skjensvoll (11) let seg ikkje stresse om det vert stille av og til.

TIPS: Er du redd for at det blir pinleg stille?

Denne lista kan hjelpe deg på veg om du vil bli kjent med ein ny person:

  • Det enklaste er å snakke om noko du er interessert i. Spelar du dataspel – spør kva den andre likar å spela. Eller er det noko anna han/ho gjer på i fritida.
  • Dei fleste tenkjer ikkje at det du seier er dumt eller rart. Kanskje er dei endå flauare sjølv?
  • Bruk tid på å bli kjent! Spør om familien: Har han/ho søsken? Kva likar han/ho å gjere om sommaren? Kva med ferie? Kva gjer han/ho på fritida? Og kva med hobbyar?
  • Snakk om ting som skjer i kvardagen, på skulen, og om det har skjedd noko gøy i det siste.
  • Finn på noko saman, og snakk om det dykk gjer på! Om dykk til dømes er kino eller ser ein film, snakk om skodespelarane, det som skjer i filmen, andre filmar du har sett.
  • Viktigast av alt: Du treng ikkje alltid ha noko å prate om. Slapp av, og ikkje stress om det vert nokre stille pausar.

(Kjelde: Ung.no)

LES FAKTALUKK FAKTA

Er det vanskeleg å finne noko å snakke med andre om?

Eg syns ikkje det personlig. Eg har ikkje problem med det sjølv – men det finst jo mange som har vanskar med å snakke med folk. Men det er jo noko ein kan jobbe med.

Kva kan ein gjere for at det skal bli enklare?

Eg tenkjer det er viktig å prøve å bli betre kjent med folk. Å vera nysgjerrig og tørre å ta kontakt. Eg tenkjer på at eg må tørre å seie hei, og sjå på personen som snakkar til meg. Det blir kleint om du ikkje ser på dei du snakkar med. Augekontakt er viktig.

Kva likar du best å snakke med venene dine om?

Det er veldig masse. Eg er ein slik person som likar å snakke. Gjerne om miljø, morosame ting folk gjer, eller ting eg meiner noko om. Vi snakkar sjølvsagt om det vi likar å gjere på. Då blir det fort slik at det ballar på seg, for det er noko vi har til felles.