– Eg saknar Johanna

Eli Tronstad (12) opplevde at bestevenen Johanna (11) flytta til Skottland i fjor.

TIPS: Når du eller venen din må flytte

Sjølv om du eller venen din flyttar, så betyr det ikkje at venskapen er over.  

  • Du og venen din kan snakke på video- eller vanleg telefon.
  • Ring gjerne etter skulen for å fortelje om dagen din, og for å spørre korleis venen din har hatt det.
  • SMS, Snapchat og MMS er også lurt å bruke.
  • Det kan hende du av og til føler venen din er langt vekke, og at det er vanskeleg å ta kontakt, men slike tankar må du berre la gå.
  • Om du ser at venen din får seg andre vener, så treng du ikkje bli sjalu. Det er naturleg at vennen din ønskjer å ha gode vener der han eller ho bur.
  • Viss venen din blir sjalu fordi du får nye vener, kan du seie at den nye venen er ein tilleggsven, ikkje ein som kan erstatte den venen som har flytta/du har flytta frå.

Kjelde: Ung.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Ho måtte flytte fordi faren fekk meir jobb der. Han kjem nemleg frå Skottland, men eg har kjent Johanna sidan eg var liten, fortel Eli.

Det vart triste dagar då Johanna flytta. Eli kikka på kartet og kjente ei vond kjensle i magen.

Eg følte det var veldig stor avstand frå Etne til Skottland. Men etter ei stund innsåg eg at det ikkje er så langt, fortel ho.

Eli snakka med mor si som fortalte om korleis dei kan fly på besøk.

Snap og sms

Dei ringer ikkje så ofte, men både bilete og tekst flyg mellom telefonane deira ganske så ofte via snapchat.

Vi snakker om korleis vi har hatt det, slik at vi heile tida veit korleis den andre har det, seier Eli. Ho er glad for at Johanna har funne seg til rette i Skottland.

Det var trist for oss begge. Men ho har det bra no, og har fått seg mange vener. Det er bra, seier Eli.

Gode minner

Når Eli saknar Johanna kikkar ho på eit bilete.

Eg har mange gode minne med Johanna. Det eine biletet eg har er frå stranda. Der held vi hender – og sola skin på oss. Det ser eg ofte på. Det hjelper meg å konsentrere meg, fortel ho.