Ein versjon av denne saka vart først publisert i systeravisa vår, Framtida.no.
– Fleire byrjar å forstå kva skrekk kan vere. Det er meir enn berre spøkelse, seier Vetle Gunnar Håkansson på telefon til Framtida.
Han er også kjent som «Skrekkbibliotekaren» på Instagram og TikTok, og brenn for sjangeren skrekk.
Å utfordre frykta meiner han er ein viktig grunn til at folk likar skrekksjangeren. Håkansson fortel at han sjølv alltid har vore veldig pysete.
– Så det å kunne utforske mange av dei fryktene eg har hatt for verda gjennom trygge rammer, som er skrekklitteraturen, har vore veldig godt for meg.
Med haustvinden som ular ute er det den perfekte tida for å lese skumle bøker, og her er tipsa til bibliotekaren:
1Skakkerne av Julia Kahrs
– Er det nokon du ikkje vil møte på fjelltur, så er det Skakkerne! Dette er ein litt lenger, men utruleg spennande grøssar, om sekter, forsvunne barn og håplause foreldre.
2Gravsøvn av Lise Forfang Grimnes
– Ei bok om gaming, vikingar og forbanningar! Ho er veldig aktuell, med tanke på lesing- og gamingdebatten. Kanskje dette er boka til å vekke gamarane si leselyst?
3Mia Myhr-serien av Sara Hjardar
– Verdas beste teikneserie! Viss du likar fantasy, Nordic Mangda eller skrekk, må du lese denne serien.
4Tusenfrykt av Aleksander Kirkwood Brown
– Escape Room møter Smile møter Coraline. Ho er lettlesen, kort og ein spennande lesnad, og ein perfekt leselystvekkar. Boka er skrive som ein skrekkfilm!
5Liket i myra av Christoffer Lamøy
– Ei av dei skumlaste bøkene eg har lese. Denne vann årets Bokslukepris, og det av god grunn! Grotesk, blodig og veldig intens, denne er for dei aller tøffaste.
6Mysteriet på Hallonbacken av Eva Frantz
– Stina er sjuk og blir plassert på det store, skremmande sanatoriet Hallonbacken i denne såre og dyste boka om barnesjukdom og død. Ei fin bok å lese saman med ein vaksen … om dei vaksne tørr!





















