Tor Halvard (11) måtte stå på andre sida av gjerdet når kameratane spela volleyball

No jublar klassa over at ein hemmeleg person har fiksa ein splitter ny port inn til bana. Porten har til og med blitt kalla opp etter Tor Halvard.

Femteklassingane ved Mathopen skule i Bergen likar å spela volleyball. Rundt bana er det eit høgt gjerde der elevane tidlegare måtte klatra over for å komma inn på bana. Men det var ikkje alle elevane som kunne klatra over det høge gjerdet. Tor Halvard Bjørgen (11) har ein sjeldan muskelsjukdom. Dermed blei han ståande på utsida av gjerdet medan dei andre leika på innsida.

GODE VENER: – Vi ønska oss at han skulle få ein port i bursdagsgåve, fortel medelev Ferdinand Skarnagel (11) som sit til høgre. Her saman med Intira Sivle (10) og Tor Halvard i midten. Foto: Ingvild Tveita Hanssen

– Heile saka starta med at vi var på turdag nede i Alvøen der volleyballbanen ligg. Då vi ville spela volleyball, oppdaga vi at Tor Halvard ikkje kom seg inn på bana fordi det ikkje var port der. Dette syntest elevane var trist, fortel Ingvild Tveita Hanssen som er lærar for femteklassen.

Vondt å sjå

– Då Tor Halvard var sjuk på bursdagen sin i mars, fann vi ut at vi ville overraska han med å senda lesarinnlegg til avisa om porten, fortel lærar Ingvild.

– Vi ønska oss at han skulle få ein port i bursdagsgåve

Det fortel medelev Ferdinand Skarnagel (11).

NAMN: Porten er kalla opp etter Tor Halvard som fekk klippa sløyfa på opningsdagen. Foto: Ingvild Tveita Hanssen

Det viste seg at Bergen kommune ikkje hadde ansvar for volleyballbanen, men at det er eit privat anlegg, som er ope for at alle kan bruka det. 

– Elevane på trinnet har stor omsorg for Tor Halvard og inkluderer han i alt dei gjer. Gjennom denne saka har dei fått sjå korleis engasjementet deira kan føra til handling. Det var elevane som kom med forslag til kva vi kunne skriva i lesarinnlegget, fortel lærar Ingvild.

Porten er på plass

Lokallaget i Alvøen og eigaren av bana sa ja til at det skulle bli sett opp ein port. Men kven som har laga porten, er det ingen som veit. 

– Eg hadde bursdag 10. mars. Det var ein bra presang! Eg følte meg utanfor då eg sto utanfor gjerdet, fortel Tor Halvard. Det føltes gøy at porten plutseleg var der.

HJELP: Tor Halvard har mange gode klassekamaratar rundt seg. – Vi har snakka om kor viktig det er å engasjera seg for andre som kanskje ikkje ropar så høgt sjølv, fortel lærar Ingvild. Foto: Ingvild Tveita Hanssen