Kina publiserte nyleg ein ny versjon av sitt nasjonale kart., Det har dei gjort sidan 2006.
Filippinane reagerte på det nye kartet med å seie at dei avviser det. Dei er ikkje einige i kor Kina har sett grensene på kartet, skriv AP.
India var den første til å klaga. Dei leverte ein «sterk protest» mot kartet. Kina hadde nemleg inkludert indiske område på kartet sitt.
Det malaysiske utanriksdepartementet avviste også Kina sitt kart.
Avviste nabolanda sin reaksjon
Etter dei tre landa hadde reagert på kartet, laga Kina ein pressekonferanse der dei avviste tilbakemeldingane.
Wang Wenbin, som er ein talsperson for det kinesiske utanriksdepartementet, sa at endringane på kartet er ein rutine i samsvar med den kinesiske lova, og at han håpar at alle kan halda seg rolege. Han ba også nabolanda om å ikkje overtolka problemet.