Fakta om Seychellene
- Seychellene er eit land og ei øygruppe i Indiahavet, aust for Afrika og like nord for Madagaskar.
- Landet består av 154 øyar.
- Hovudstaden heiter Victoria.
- Dei offisielle språka er seselva, engelsk og fransk.
- Aldabrakjempeskjelpadda lever berre på Aldabraøyane. Ho kan vege rundt 250 kilo og bli over 100 år gammal.
På 1800-talet var det berre kring tusen aldabrakjempeskjelpadder att. Sjøfolk jakta på dei, og dyr som menneska tok med seg til øyane, skapte òg problem for skjelpaddene.
Forskarar talde skjelpadder på Aldabraøyane mellom 2018 og 2022. Dei fann at bestanden var stabil i denne perioden. Det er den grundigaste kartlegginga sidan 1990-talet. Då rekna forskarane med at det fanst rundt 100 000 skjelpadder. Forskarane bak den nye undersøkinga trur det gamle anslaget var for lågt. Det betyr ikkje nødvendigvis at bestanden har dobla seg, men han ser ut til å ha vakse.
Vern har hjelpt
Aldabraøyane har vore naturreservat sidan 1981 og står på verdsarvlista til UNESCO. Vernet har vore viktig for å ta vare på skjelpaddene.
– Dette er fantastiske nyheiter for Seychellene, for verda og for alle som har jobba for å verna Aldabra, seier Frauke Fleischer-Dogley, leiar for Seychelles Islands Foundation, i ei pressemelding.
Det er likevel framleis farar for skjelpaddene. Tørke som følgje av klimaendringar kan gjera det vanskelegare å finna mat og skugge. Kattar og rotter et òg skjelpaddeegg.
Studien er publisert i det vitskaplege tidsskriftet Ecology and Evolution.



















