Statsminister Jonas Gahr Støre besøker Kina

Måndag reiste Noregs statsminister til Beijing, hovudstaden i Kina.

Kina
  • Det største landet i Asia
  • Kommunistpartiet er det einaste politiske partiet og har all makt i landet
  • Kina er diktatur
  • Blir ofte kritisert for brot på menneskerettar og ytringsfridom
  • Det nest mest folkerike landet i verda (1,42 milliardar menneske)
  • Viktig handelspartnar for store delar av verda

Kjelder: Vesle Norske Leksikon og FN

 

LES FAKTALUKK FAKTA

– Vi er venner som også kan snakka om det vi er usamde om, sa Jonas Gahr Støre om Noregs forhold til Kina.

No har statsministeren møtt Kinas president Xi Jinping. Då skal han ha sagt ifrå om ting han er usamd med presidenten om, ifølgje NRK.

Samarbeid

I tillegg skal dei to statsleiarane ha snakka om måtar Noreg og Kina kan samarbeida på.

Det er samarbeid når det gjeld klimavennleg teknologi og næring innanfor havbruk, som er spesielt interessant for den norske statsministeren.

Viktig handelspartnar

Noreg handlar mykje varer frå Kina, og Kina er ein viktig kunde for norske bedrifter. Landet er den tredje viktigaste handelspartnaren for Noreg etter EU og USA.

Noreg kjøper først og fremst mobiltelefonar, TV-ar, datamaskiner, skrivarar, klede og interiør frå Kina. Det er også rundt 160 norske selskap som har avdelingar i landet.

Den norske statsministeren meiner derfor er viktig for at regjeringa legg til rette for at norsk næringsliv kan samhandla med Kina.