Krokodillar på rømmen i Kina

Då ein innsjø fløymde over, rømde 75 krokodillar frå ein krokodillefarm.

Det har regna mykje i Kina på grunn av tyfonen med namn Haikui. Alt regnvatnet førte til at ein innsjø i Maoming fløymde over. Ved sidan av innsjøen låg det ein krokodillefarm. Då vatnet steig, svømde krokodillane i det fri, skriv BBC.

Ifølge BBC skriv kinesiske medium at åtte av krokodillane så langt har blitt fanga. Flesteparten er framleis på frifot. Myndigheitene oppmodar derfor innbyggarane om å halde seg inne.

Kina har fleire krokodillefarmar. Kjøttet blir ete og skinnet blir brukt til ting som vesker og sko. Krokodillane kan bli opp til 3 meter lange.