Store forskjellar i temperatur i Kina

I februar hadde Kina størst temperaturforskjell målt i eit land på ein dag.

Det har vore store kontrastar i temperatur i Kina.

I regionen Xinjiang nordvest i landet blei det 18. februar registrert minus 52.3 grader. Det er den kaldaste temperaturen som har blitt registrert i regionen nokosinne.

På den same dagen blei det målt 38 varmegrader i Badu sør i Kina.

Det vil seie at det i Kina på same dag var ein forskjell i temperatur på 90,3 grader. Dette er den største forskjellen i temperatur som nokon gong har blitt målt i eit land på same dag, skriv The Guardian.