– Me kan lukta ulike ting både før, når og etter det regnar, seier Anja Røyne til Ung.Forskning.no. Ho er førstelektor på Fysisk institutt ved UiO.
Før det regnar, kan me kjenna på lukta av ozon. Spesielt viss det er torebyer og lyn først. Når det slår ned eit lyn, blir det meir ozon i lufta.
Ozon og bakteriar
– Lyn er så sterke at atom i lufta blir rive frå kvarandre og svirrar rundt. Når dei krasjar saman igjen, kan det oppstå ozon, seier Anja Røyne.
Lukta du kan kjenne etter regnet kjem frå bakteriar i bakken. Dei lagar ei lukt som heiter geosmin. Det gjer dei heile tida, men når det regnar blir geosmin spreidd i lufta, slik at me kan lukta det.