Premier League legg inn «ramadan-pause»

Spelarar skal få bryte fasta under fotballkampar i den engelske toppdivisjonen.

Denne saka vart fyrst publisert på Framtida.no.

Sist veke starta ramadan, og mange muslimar fastar.

Ifølgje Sky Sports har dommarane i Premier League fått beskjed om å leggje inn pausar i kampar som går føre seg på kveldstid, slik at spelarane som fastar kan få i seg mat og drikke.

Det var NTB som først skreiv om saka i Noreg.

Store profilar

Under ramadan kan ein bryte fasta etter at sola har gått ned.

Det er fleire store fotballprofilar i den engelske toppdivisjonen som er muslimar. Blant dei som truleg vil faste den neste månaden, er Liverpool-stjerna Mohamed Salah, Riyad Mahrez på Manchester City og Chelsea-midtbanespelar N’Golo Kanté, skriv Sky Sports.

Dommarane skal ha fått beskjed om å leggje inn «naturlege pausar» i kveldskampane. Dei blir òg oppmoda til å finne ut kven som har behov for ein slik pause og avtale med dei aktuelle spelarane før avspark.

Premier League la inn ein «etepause» under ramadan for to år sidan i ein kamp mellom Leicester og Crystal Palace. Det var truleg første gong det har skjedd, opplyser avisa.


Illustrasjonsfoto: Simon Infanger/Unsplash