Hudhayfah (13) skal fasta under ramadan

Den muslimske heilage månaden ramadan byrja i dag, torsdag. I løpet av denne tida fastar muslimar. Dei avstår frå mat og drikke, og fokuserer på bønn og lesing av Koranen.

Hudhayfah Nuredin Letta er ein 13 år gammal gut som går siste året på barneskulen. Han er fødd og oppvaksen i Sandviken. Han bur saman med foreldra, søstera og tre brør. Han likar å spela basketball, snakkar amharisk og engelsk, og ventar no spent på starten av ramadan.

– Kva likar du best med ramadan?

– Eg synest det er fint å ha ein heil månad der ein kan utfordra seg sjølv. Me får òg kjenna på kor mange som dessverre opplever svolt i andre delar av verda.

– Er dette motivasjonen din til å fasta?

– Ja. Og for å takka Gud for alt eg har.

– Er dette den første ramadan du fastar, eller har du gjort det før?

– Eg tenkjer å ikkje fasta heile ramadan berre ein del av han, og eg skal prøva mitt beste.

– Kor gammal var du då du prøvde å fasta for første gong?

– Eg var 11 år gammal.

– Kva er vanskelegast under faste for deg?

– Det må vera sjølve fasta i seg sjølv.

Hudhayfah Nuredin Letta er klar for ramadan. Foto: Nuredin Ucesa

Mat medan sola er nede

I islam byrjar fasta ved daggry, og du kan ete før morgonbøn. Dette måltidet blir kalla suhoor. Fasta sluttar ved solnedgang og dette måltidet blir kalla iftar.

– Kva er din favorittmat å eta under ramadan?

– Det ein del rettar på begge suhoor og iftar, men min favoritt er sambosa.

– Korleis bryt du fasta?

– Eg bryt fasta mi med dadlar, mjølk og vatn.

– Kor ofte går du til moskeen i ramadan?

– Eg har skule i ramadan, men eg prøver å gå innom moské minst ein gong kvar dag.

– Kva er planane dine for Eid? Korleis ser denne dagen ut?

– På Eid så tenkjer eg at me skal bruka dagen saman med familien, og be eid-bøn saman, og ikkje minst eta god mat saman.

LES OGSÅ: Ramadan er i gang – no er det fastetid i fleire religionar

Ramadan 2012. foto: Zied Nsir, CC BY-SA 3.0