Tenner lys under ramadan

På søndag begynte fastemånaden til muslimar.

Høgtida ramadan starta søndag kveld. Ramadan er ei muslimsk høgtid som varer fram til 8. april.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Oslo kommune markerer ramadan ved å tenne lys utanfor rådhuset. Lysa skal vere tente heile månaden.

Mange kom for å sjå då lysa blei tente søndag kveld, skriv NRK.

– Det er eit viktig symbol på at Oslo står for fellesskap, inkludering og mangfald. De er ein svært viktig del av det mangfaldet som gjer Oslo til Oslo, sa byrådsleiar Eirik Lae Solberg under ein tale.