For norske brukarar under 18 år vil tidsgrensa setjast på ein time, skriv Tek.no.
I ei pressemelding skriv TikTok at dei innfører grensa for å gjera brukarane bevisste på kor mykje tid dei bruker på appen.
Etter 60 minutt vil appen låse seg og be om eit passord for å halda fram med scrollinga.
Fått kritikk
TikTok har blitt kjend for å tilby ein uendeleg straum av innhald som gjer det vanskeleg for brukarar å innsjå at dei bruker mykje tid på appen.
Mange har kritisert TikTok for å skapa avhengigheit, som er ein av grunnane bak den nye endringa.
Appen skrudde tidlegare av varslingar etter klokka 21 for unge brukarar for å passa på at ungdom får nok søvn.
Kva synst du om den nye endringa?
Kva synst du om den nye endringa?
Les meir: TikTok-psykologen: – Tenk på sosiale medium som godteri
Les også: Dette er grunnen til at du blir avhengig av TikTok