Dette er grunnen til at du blir avhengig av TikTok

Kva veit du om korleis TikTok er bygd opp? Korleis kan appen vita kva akkurat du likar? Me har tatt oss ein prat med ein ekspert for å få svar på fleire spørsmål.

Fleire problem: Når det kjem til personvern og sikkerheit, har TikTok hatt fleire problem. – Du har kanskje høyrt om at dei har samla inn data utan løyve frå brukarane, seier forskar Natalia Kucirkova. Foto: Elisabeth Tønnessen

– Det er spennande å sjå korleis sosiale medium utviklar seg, korleis dei engasjerer brukarar og skapar nye opplevingar.

Det seier forskar Natalia Kucirkova, som jobbar med sosiale medium.

TikTok er den mest populære appen for å sjå, dela og laga korte videoar. Den er bygd opp av såkalla algoritmar, slik at du skal bruka mest mogleg av tida di der.

Kva er algoritmar?

– Du kan tenkja på ein algoritme som trinn-for-trinn-instruksjonar som må til for å utføra ei oppgåve. Det er litt som når du lagar ei kake, men i motsetnad til ei oppskrift med ord, ser ein algoritme ut som eit sett med tal eller kodelinjer, seier Natalia.

Den tenkjer at «viss dette skjer, så må dette skje neste gong». Og sidan du har ein konto, kan den sjå kva du har likt og sett på tidlegare.

– Algoritmen gjer at den neste videoen du ser, er noko du truleg også vil lika. Den tenkjer at «viss Kari likte denne videoen av ein labrador, så vil ho også lika denne videoen om kvalpar.»

Likevel tilrår ikkje TikTok-algoritmen berre innhald som er likt det du har sett før.

GIF: giphy.com

Tenar pengar for kvart minutt du brukar

– Han er ganske smart, og sender også nokre tilfeldige videoar til deg. Dette er for å sikra at du ikkje blir lei og får opp det same innhaldet om og om igjen.

Desse videoane er mest truleg populære på plattforma, slik at du held deg oppdatert om det som skjer. Forskaren meiner det er lurt å vera obs på at TikTok eigentleg berre har eitt mål – nemleg å halda deg der så lenge som mogleg.

– TikTok tener mykje pengar kvart einaste minutt du brukar i appen. Dei er ikkje interesserte i deg som individ, men i det du likar. Meir tid brukt på TikTok, gjer at algoritmen blir betre kjent med deg og at den kan tilby endå meir personleg innhald. Det fører til at du bruker appen meir, og dette gjer at det blir meir pengar i kassa til TikTok. Ser du syklusen her?

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Dette bør du gjera med TikTok-kontoen din

Personleg tilpassa annonsar:

Forskaren anbefaler at du skrur av denne funksjonen, for å unngå personleg tilpassa reklame på TikTok. Slik gjer du det:

  1. Trykk på Profil nedst til høgre
  2. Trykk på 3-linjers ikonet øvst til høgre
  3. Gå til Personvern og tryggleik > Tilpass og data
  4. Slå funksjonen på eller av

Privat TikTok-konto:

Forskaren vil også anbefala at du gjer kontoen din privat. Slik gjer du det:

  1. Gå til profilsida di og vel ikonet med tre prikkar øvst til høgre
  2. På sida Innstillinger og personvern trykker du på Personvern
  3. På sida Synlighet. Trykk av for Privat konto